Alle eg saknar!
Nokon gonger har ein det så fint at alt etterpå blir ein nedtur. Difor tenkte eg å fortelje kvan og kva eg saknar her eg sit aleine og forlatt i Oslo mens alle andre gjer artige ting (sikkert saman) utan meg:
Mildrid og Ada i det dei kjem inn i klasserommet i kvart fall 10 minutt etter alle andre
Det å vere 10 år om sumaren
Møta på Kaffistova med MiO
Å dra på Tøyenbadet med sykkel
IDA, BIANCA, INGRID og SIGRID, ein uslåeleg kombinasjon
Valkampen (eg diggar å stå på stand!)
Tyske turistar som gir meg tips
Den kvelden heime hos Mildrid for ca 2 år sidan da det var så varmt og vi hadde drukke for mykje
Folka eg kjende på barne- og ungdomsskulen, som eg no ikkje kjenner lengre
Sumarskulen i Tyskland
Sumarleiren i fjor, det var utruleg bra
Og to millionar andre ting!
Om noko som les dette kjenner sin besøkelsestid, så er eg heime nesten heile sumaren...

Finaste bilete av Bianca og Sigrid

Moralsk forkasteleg? No er det eit år sidan vi klatra, kanskje litt bakfulle, opp på Vesuv, eller Vesuviøss, so den franske guiden sa. Og no skal eg snart på skuletur igjen. I morgon, faktisk. Til Strassbourg og Frankfurt, eller EU-land, om de vil. Det blir i kvart fall moralsk forkasteleg!
Å stange hue i veggen- oppsumering av landsmøte
Sidan torsdag i forrige veke har eg vore på mitt livs fyrste landsmøte, noko som er litt merkeleg sidan eg har vore aktiv i organisasjonar sidan eg var 15... (det har si forklaring, men ho gidd eg ikkje å ta no) Men eg har altså vore på landsmøte i NMU på Lista i Vest-Agder. Der var det veldig pent, sjølv om eg var lova vår og det snødde samahengande heile torsdag. Men å kome seg til Lists i Vest-Agder når ein reiser for ein organisasjon som ikkje har så mykje penger, det er litt av eit strev:
22.40 onsdag kveld: avreise frå Oslo S. Da var eg allereie sliten og trøytt etter ca to veker med sjukdom.
24.00 same kveld: NSB "dempar" ljosa. Det var ikkje så veldig mørkt...
03.03 torsdag morgon: vakna av at mannen bak meg sparka i meg
ca 04.00 same morgon: vi er framme i Kristiansand, og alt von om å sove døyr
05.04 torsdag: framme på Snartemo Stasjon, det er ikkje NOKO der, og ikkje mogeleg å slå av ljoset.
To timar seinare kjem ein skulebuss som vi tek til Lyngdal, for så å ta ein vidare ti Farsund, og så ein til til Lista. Klokka ni er vi framme!
Og da starta landsstyremøtet!
Så var det sjølve landsmøte. Ganske hyggeleg, ganske artig, veldig slitsamt. Men eg var forberett! Eg hadde gjort leksa mi. Eg hadde eit framlegg til tufta, tre dissensar til arbeidsprogrammet og ein meining om nesten alt! Og debattane var gode, sjølv når du har ein heil sal mot deg, er det jo artig. Og eg tenkte: "kanskje noko av det går igjennom? Kanskje dei faktisk høyrer på meg?".

Til slutt fikk eg gjennom ein ting! Eit fråsegn om at vi meiner at Ingrid Alexandra burde ha nynorsk som hovudmål på skulen. JEHHH! Det var det, folkens, alle fikk noko igjennom...
For litt sidan høyrte eg ein kul kis som sa at om ein stanga hovudet i veggen nok gongar, ville veggen flytte seg til slutt. Veggen vika ikkje ein tomme! Men eg fikk melding om at det var det uttrykket som ville bli hugsa frå landsmøte. Vonar det, så fikk eg i kvart fall igjennom noko...
Forresten, eg liker landsmøte, eg. Og kanskje veggen flyttar seg neste år?

Dei moralsk forkastelege
Eg er moralsk forkasteleg. Ikkje av di eg gjer dumme ting, eller det gjer eg jo, og ganske ofte også. Ikkje av di eg "begjærer min nestes eiendom, eller annet som tilhører min neste", sjølv om eg vel gjer det. av og til. Ikkje av di eg drikk for mykje, eller av di kler meg syndig eller av di eg lyg, sjølv om eg gjer alt det også.
Eg er moralsk forkasteleg av di eg har funne ut kvifor eg melde meg inn i Målungdomen! Eg melde meg inn for snart tra år sidan, og sjølvsagt var det av di eg meinte noko om språk, og at nynorsk er det mest demokratiske alternativet vi har, men mest av alt melde eg meg inn av di det var moro. Ein gong, for lengje, lengje sidan, var vi fem jenter som likte å hengje saman, drikke saman (men aldri på NMU-tilskipingar, så ikkje kom her og klag, sst!), sladre og skvadre saman. Og ikkje minst ha gode idear og gjere teite ting saman. Som å rulle ned bakkar, masseprodusere rullings til rullaren, ha artige kallenamn, krangle med alle dei teite folk som berre ville ha bokmål, verve nye folk og planlegge filmar som aldri ville sjå dagens ljos.
Så blei det seriøst. Og nokre av oss blei valde inn i landsstyret, og nokre av oss flytta langt vekk, og nokre av oss (ja, deg Sigrid) blei etne av auf. Det er ikkje artig å vere seriøs, ikkje alltid. Og det er ikkje artig når det som var morsamt plutseleg blir et slit. Og det er ikkje artig når ein gir opp. Eller lurer på kvifor ein driv på med det ein gjer.

No skal det bli artig igjen! For ein treng ikkje MiO, eller Oslo eller å vere saman for å ha det gøy saman. Ein treng berre å sakne kvarandre, finne på noko sprøtt saman, henge på verdsveven saman, og starte eit nytt lag saman. Difor er eg moralsk forkasteleg, endeleg!
Gå inn på http://deimoralskforkastelege.blogspot.com/, så finn du ut kvifor det skal bli artig å vere meg igjen!
Skipohoi, andre styrmann Mari Margrethe
Skipohoi, andre styrmann Mari Margrethe
Alt ordner seg for snille piker!
Tenk å gå og grue seg til noko kjempelenge, sånn grue seg vondt i magen før ein går inn ein dør av di ein veit at det som er bak døra er noko å grue seg til, grue seg, og så viser det seg at det ikkje er noko å grue seg til i det helieteke!
Eg håper at alle som har grua seg til noko på den måten kan oppleve det same som eg gjorde. At heile den grue-seg-død-gruinga går bort som om ho hadde smelt i sola, for det fortener dei, alle saman.
For alt løser seg for snille piker!

Misforøyd på nett
Endeleg har også eg tatt del i den fantastiske, teknologiske verda! Dette skal vere ei side for nynorsk, misforøydheit, utløp for personlege frustrasjonar og sjølvsagt alt anna som eg synest er viktig, slik som krig, og fred og politikk og sånn! Komenter gjerne, ditt udugelege krek!
Stor og ganske fornøyd helsing frå Mari MIsfornøyd